I utstillinga «Creatures Of The Deep» inviterer Lerin / Hystad tilskodaren inn i deira audiovisuelle verden der dei får møte verka «Creatures Of The Deep», «In Bloom», «Svartvatnet», «Mount Buzhou» og «Amaterasu». Fellestrekket for desse verka er at dei er portrett av stader og miljø duoen har besøkt, undersøkt og dokumentert ved hjelp av fotocollage, lyd, teikning og akvarell.
Simon Torssell Lerin og Bettina Hvidevold Hystad utgjør duoen Lerin / Hystad. Duoen har sidan 2010 jobba i skjeringspunktet mellom kunst og musikk, og dei er aktive med utstillingar, performance og utgivingar i båe inn- og utland.
Sentrale omgrep i kunstnarskapet deira er formidling, skildring og portrett. Dei nyttar seg av reisa som ein metode i prosessen og som ein form for historieformidling. Prosjekta vert manifestert som audiovisuelle installasjonar i utstillingsrommet, performance og utgivingar. Duoen driver plateselskapet og studioet Extemporaneous Recordings som gir ut verka deira i avgrensa opplag på formata CD, vinyl og bok.
Lerin (f. 1985 Sunnemo, Sverige) og Hystad (f. 1985 Stord) har begge sin MA frå Konstfack, Art in the Public Realm, Sverige (2013) og BA frå Kunstakademiet, Kunst- og designhøgskulen, Bergen (høvesvis 2010 og 2009). Hystad utveksla i 2008 ved Environmental Art på Glasgow School of Art i Skottland og i 2009 utveksla Lerin ved Royal Institute of Art (Nordplus) i Stockholm.
Utstillingsperiode: 21.01. – 18.03.17
Utstillingen er støttet av Norsk Kulturråd